Sjølvsagt måtte eg strikke noko meir frå den nye boka til Nøstebarn. Det fyrste eg fell for var silkegenseren, og det var den eg hadde tenkt å starte med. Eg ombestemte meg i siste augneblink, då eg fann ut at eg hadde så mange genserar som var om lag like tjukke. Ein annan favoritt er naturlegvis kufta frå Sunnhordland, men her må eg tenke litt på kva for fargar eg vil ha, og ikkje minst kva for stoff ein skal velje på framstykket. Eg har og lagt til boleroen på ønskelista, kanskje i mørk lilla? Til slutt må eg sjølvsagt prøve nokre av barneoppskriftene, for det kan vere godt å ha noko liggande om ein treng ei gåve… Det som segla opp som vinnarprosjektet var tunikavesten med breie striper. Han var grei å strikke, når ein kan skifte farge for kvar tiande cm rekk ein ikkje å gå lei. Eg valde fargane blåbær og skifer. Vrangborden er strikka med ein rett og ein vrang, men eg synest det ser meir dekorativt ut med to rett og to vrang, slik kan det gå når ein ikkje ser godt nok på biletet før ein går i gong.
Katten Linus har og kikka i den nye boka, men han er ikkje heilt nøgd. Det er skremmande kor få oppskrifter det finst for kattar, meiner han. Her er det ikkje mykje å bruke tid på, mjauar han, ikkje særskild imponert.
Til slutt: Her kan de sjå fargane i det neste prosjektet mitt.
Så fin tunikavest. Jeg likte virkelig både farger og striper. Neste prosjekt blir også spennende 🙂
Denne vesten ble virkelig fin, tøff rett og slett
Den blei jo knallfin, Maria! Fargane du har lagt fram til neste prosjekt var utruleg fine. Gler meg til å sjå kva det blir.
Fin gensar! I tillegg fin stemning med innlegg på nynorsk 😉