I min iver etter å prøve ut fleire av oppskriftene frå Strikk meir til Nøstebarn, fall valet denne gongen på jakka frå «Enkelt babysett» på side 12. Eg hadde nemlig mykje meir totråds garn, då det førre forsøket mitt på å bruke opp garn ikkje vart så vellukka. Det vil seie, jakka vart vellukka, men ein kunne knapt sjå at det var mindre garn i posen. Då var det berre å starte på eit nytt prosjekt.
Det eg likte med denne oppskrifta var at aukinga til raglan skjer ved at en lagar kast på pinnen slik at ein for ein holrad nedover skuldra, og dette er ein genial ide for slike som meg, som aldri kan halde styr på raglanen sin. Eg har hatt fleire prosjekt der eg har starta på nytt både to og tre gonger fordi eg ikkje har like mange maskar på kvart erme, eller at høgre framstykke ikkje stemmer med venstre. Eg har og prøvd å redde raglanen ved å ta inn eller leggje ut litt ekstra på ein måte som eg trur er heilt usynleg, men som gjer at fellinga ser ut som ei nypreparert slalåmløype. Med holrad er det eit håp om at slike som meg kan gå ut i verda med raglanen høgt heva. Noko anna eg likte var at ein berre kan ta opp maskar under ermet, i staden for å legge opp ekstra og sy saman til slutt. Kvifor er det ingen som har fortalt meg dette før?
Det står i oppskrifta at ein kan variere i det uendelege med fargar, striper, mønster og dekor. Ja vel, tenkte eg, og køyrde på med rosa striper og hjarteknappar. Denne gongen vart det likevel breiare stripar, ein farge i gongen, då eg ikkje hadde tenkt å nytte ein heil arbeidsdag til å feste trådar. Eg har nytta dei same fargane som på den førre jakka, men ho gjev eit heilt anna inntrykk, synest eg. Ho er nok litt lenger enn oppskrifta seier, men eg ville ha to av kvar stripe. Og så må eg innrømme at eg har strikka litt laust, så sjølv om dette skulle vere til ein ettåring, så har nokon med kompetanse på feltet fortalt meg at jakka passar betre til 1,5 år.
«Problemet» mitt er at dette garnet er så drygt at eg framleis ikkje har brukt opp alt. Men eg tek no ein liten pause frå rosa.
Den ble søt da 🙂