Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘Strikk meir’

IMG_2714bI min evige søken etter å bruke opp restegarn, har jeg denne uka strikket en jakke i høstfarger. Fargenes rekkefølge var ikke tilfeldig: De jeg hadde minst av kom øverst, der jakka er smalest, og de jeg visste jeg kunne få kjøpt mer av (som bare hadde økt lageret, men pyttsan), ble plassert på det bredeste. Denne jakka følger samme mønster som den bredstripete rosa jeg la ut for et par uker siden, men jeg valgte stjerneknapper denne gang. Dette er faktisk jakke nummer tre denne sommeren, fordelt på to mønstre. Spørsmålet er da – hvilken oppskrift likte jeg best?

IMG_2713b

 

IMG_2592bDen rosa smalstripete fra i sommer og en grønnstripete en fra noen år tilbake er fra den første Nøstebarn-boka. Disse er strikket nedenfra og opp, og har raglansfelling. Det er en viss fordel i å ha strikket ermene ferdig før de hektes på, de veier mindre, og det er mer motiverende at man har færre og færre masker opp mot halsen. Her kan man også ha knappestolpen i valgfri farge, da den strikkes etterpå.

 

 

Den rosa bredstripete og høstjakka er tatt fra Strikk meir til nøstebarn (s. 12), og den er strikka fra nakken og ned. Fordelen med dette er at man kan strikke på lengden hvis den blir for kort, og det er lettere å beregne stripene hvis man skal bruke opp restegarn. Ulempen er at det er litt upraktisk å strikke ermene når det er en hel jakke som ligger i fanget og stritter imot når man forsøker å vri den. Her strikker man knappestolper underveis, noe som er genialt for oss latsabber, men man kan selvfølgelig gå sine egne veier og lage dem separat om man vil.   En ting jeg virkelig likte med denne oppskriften er at man skal øke til raglan ved å strikke hullmønster. Da er det nemlig sjanse for at jeg treffer riktig maske når jeg skal øke, og ikke ender opp med en raglan som ser ut som kjøreanvisningen til et storslalomrenn.IMG_2657b

 

Jeg hadde tenkt å kåre en favoritt blant disse to, men jeg tror at min løsning kommer til å være å velge den gamle oppskrifta hvis jeg vet at jeg har nok garn, eller plutselig har behov for å sitte og plukke opp masker til knappestolpe, men jeg velger nok den nye oppskrifta hvis jeg skal gyve løs på smånøster uten å ha en klar plan.

IMG_2717b

Disse jakkene er kanskje ikke så fotogene når de poserer som trekløver, men de ble veldig fine hver for seg, altså!

Read Full Post »

IMG_2657bI min iver etter å prøve ut fleire av oppskriftene frå Strikk meir til Nøstebarn, fall valet denne gongen på jakka frå «Enkelt babysett» på side 12. Eg hadde nemlig mykje meir totråds garn, då det førre forsøket mitt på å bruke opp garn ikkje vart så vellukka. Det vil seie, jakka vart vellukka, men ein kunne knapt sjå at det var mindre garn i posen. Då var det berre å starte på eit nytt prosjekt.

Det eg likte med denne oppskrifta var at aukinga til raglan skjer ved at en lagar kast på pinnen slik at ein for ein holrad nedover skuldra, og dette er ein genial ide for slike som meg, som aldri kan halde styr på raglanen sin. Eg har hatt fleire prosjekt der eg har starta på nytt både to og tre gonger fordi eg ikkje har like mange maskar på kvart erme, eller at høgre framstykke ikkje stemmer med venstre. Eg har og prøvd å redde raglanen ved å ta inn eller leggje ut litt ekstra på ein måte som eg trur er heilt usynleg, men som gjer at fellinga ser ut som ei nypreparert slalåmløype. Med holrad er det eit håp om at slike som meg kan gå ut i verda med raglanen høgt heva. Noko anna eg likte var at ein berre kan ta opp maskar under ermet, i staden for å legge opp ekstra og sy saman til slutt. Kvifor er det ingen som har fortalt meg dette før?

Det står i oppskrifta at ein kan variere i det uendelege med fargar, striper, mønster og dekor. Ja vel, tenkte eg, og køyrde på med rosa striper og hjarteknappar. Denne gongen vart det likevel breiare stripar, ein farge i gongen, då eg ikkje hadde tenkt å nytte ein heil arbeidsdag til å feste trådar. Eg har nytta dei same fargane som på den førre jakka, men ho gjev eit heilt anna inntrykk, synest eg. Ho er nok litt lenger enn oppskrifta seier, men eg ville ha to av kvar stripe. Og så må eg innrømme at eg har strikka litt laust, så sjølv om dette skulle vere til ein ettåring, så har nokon med kompetanse på feltet fortalt meg at jakka passar betre til 1,5 år.

«Problemet» mitt er at dette garnet er så drygt at eg framleis ikkje har brukt opp alt. Men eg tek no ein liten pause frå rosa.

IMG_2655b

 

 

Read Full Post »

IMG_2599b

Sjølvsagt måtte eg strikke noko meir frå den nye boka til Nøstebarn. Det fyrste eg fell for var silkegenseren, og det var den eg hadde tenkt å starte med. Eg ombestemte meg i siste augneblink, då eg fann ut at eg hadde så mange genserar som var om lag like tjukke. Ein annan favoritt er naturlegvis kufta frå Sunnhordland, men her må eg tenke litt på kva for fargar eg vil ha, og ikkje minst kva for stoff ein skal velje på framstykket. Eg har og lagt til boleroen på ønskelista, kanskje i mørk lilla? Til slutt må eg sjølvsagt prøve nokre av barneoppskriftene, for det kan vere godt å ha noko liggande om ein treng ei gåve… Det som segla opp som vinnarprosjektet var tunikavesten med breie striper. Han var grei å strikke, når ein kan skifte farge for kvar tiande cm rekk ein ikkje å gå lei. Eg valde fargane blåbær og skifer. Vrangborden er strikka med ein rett og ein vrang, men eg synest det ser meir dekorativt ut med to rett og to vrang, slik kan det gå når ein ikkje ser godt nok på biletet før ein går i gong.

IMG_2631b

 

Katten Linus har og kikka i den nye boka, men han er ikkje IMG_2597bheilt nøgd. Det er skremmande kor få oppskrifter det finst for kattar, meiner han. Her er det ikkje mykje å bruke tid på, mjauar han, ikkje særskild imponert.

 

 

 

 

 

Til slutt: Her kan de sjå fargane i det neste prosjektet mitt.

IMG_2608b

 

Read Full Post »

IMG_2190bHer på etterjulskvisten seilte det inn en forespørsel jeg ikke kunne si nei til: Det var nemlig en ny Nøstebarn-bok på trappene, og om jeg kunne strikke en av modellene til boka? Etter en betenkningstid på rundt 10 sekunder ryddet jeg strikkeplanen for alle andre prosjekter, og sa selvfølgelig ja. Stor var spenningen da oppskrifta kom i posten. Dette eksklusive smugkikket inn i en uutgitt strikkeverden som er så få forunt. Følelsen av å stå med en oppskrift i hånda, en modell som ikke er strikket før, men som man vet kommer til å bli en av vår tids klassikere. (OK, jeg vet jeg overdriver nå, men litt gøy var det likevel.) Hovedprinsippene i oppskriften viste seg å være raglan og perler, og jeg må jo si at jeg er relativt kjent med disse fenomenene. Likevel måtte jeg starte på nytt tre ganger, da mine raglansfellinger har en egen evne til å leve sitt eget liv. Uregjerlige som få. Fullstendig uten disiplin. Men jeg ble ferdig til slutt, sendte kjolen avgårde og kan endelig beundre den på trykk. I tillegg kan jeg legge ut egne skrytebilder, tatt i en årstid der bladene ennå ikke var kommet på trærne i bakgrunnen.

Hvis du vil ha oppskriften, eller se bildet av kjolen i boka, må du rett og slett få tak i boka Strikk meir til nøstebarn av Kathrine Gregersen, og bla deg frem til «finaste kjolen» på side 78!

IMG_2189b

 

Read Full Post »